onsdag 18. mai 2011

Augekontakt og naserynk

Det er natt til 17. mai. Eg og ei av mine to respektive romveninner er midt i den nestsiste bakken på veg heim, då vi trur den siste romveninna kjem bak oss. Ho er venta å kome etter oss på scooteren sin. Då ho forlet leiligheita på kvelden 16. mai hadde ho på seg kvite sko og grøn allvérsjakke med rosa glidelåsar.

Så, natt til 17. mai, altså, kjem det eit motorisert køyrety bak oss. Ja, det kan minne om ein slik scooter. Sjåføren har grøn allvérsjakke, og vi går ut i frå at det er ho som vi ventar. Vi fokuserer fullt og heilt på romveninna vår, medan vi lettare høglytt diskuterer om det faktisk er ho eller ikkje. Eg konkluderer på forunderleg vis med at jau, det er ho. Eg tvilar visst ikkje eit fornuftig sekund heller, og glanar frimodig inn gjennom glippa på hjelmen. Hjelmen vrir seg 90 grader. Eg ser vedkomande inn i augene og rynkar på nasen på ein slik måte som ein kun gjer med romveninner som ein har kjendt frå folkehøgskulen. Eventuelt også syskjen. I alle høve ikkje på ein slik måte som ein gjer med folk flest. Eg tykkjer med eitt at det er noko nytt ved augo. Augefargen? Forunderlegheit? Skrekkslagenheit? Er dei litt mandige, kanskje? Eg veit ikkje. Kanskje er det berre lyset/mørkret som gjer det. Eller hjelmen. Augo hennar plar jo oftast ikkje vere omringa av ein femkilos hjelm. Men så køyrer altså mopeden forbi. Og i tillegg til at det altså viser seg at det er ein moped og ikkje ein scooter, ser eg no at mopedisten har svarte sko. Ikkje kvite. Eg må visst innsjå at det var feil person eg rynka på nasen til og såg djupt inn i augene denne måneskinskvelden. Det var nok den grøne allvérsjakka eg hengde meg litt vel opp i. Og når eg tenkjer meg om, var der nok ingen rosa glidelås på ho heller.

Eg er avhaldsmenneske, som somme av dykk kanskje veit. Vel, eg kan meddele at dette var ein av dei ytst få augneblunka der eg nesten skulle ynskje at eg var full. At det liksom var difor eg på forunderleg vis rynka på nasen og heldt ein særs intens augekontakt med folk eg ikkje kjenner. Ja, han varte nok i meir enn dei fire forførande sekunda, som den første augekontakten visstnok skal vare, dersom det skal vere noko å gå vidare med. Så kven veit? Kanskje var det mannen i mitt liv. Fram til eg eventuelt på nytt tek mot til meg og ser han djupt inn i augene, vel eg imidlertid å ta i bruk hatt og solbriller ei tid framover. Ja, du skal ikkje sjå bort i frå at det vert eit uhorveleg stikkande solskin i tida som kjem. Vi går nok ein fin sumar i møte.

2 kommentarer:

  1. For å berolige de "mange" leserne, så er eg (altså siste sambuar med kvite sko) kommet meg tryget heim i leiligheten etter ein luftig kjøretur gjennom Bergen sentrum på min rå scooter!!!

    SvarSlett
  2. Ja, det var ei stor letting då siste sambuar med kvite sko kom velberga inn døra!

    SvarSlett