mandag 8. august 2011

Kvardagsliv

I dag er det den femte dagen min i ny jobb. Det ser lovande ut, og eg er glad for det. Eg kunne på eitt vis gjerne tenkje meg å ha litt lengre ferie. Litt lengre enn fire veker, som forsåvidt er meir enn dei fleste har i laupet av ein sumar. Samstundes er det godt å kome attende til kvardagslivet. Skjønt kvardagslivet mitt vil bli ganske anleis no enn det før har vore. Det er no eg trer fram i dei vaksne sine rekkjer. Eg gjorde det ikkje i konfirmasjonsalderen. Eg har nemleg innsett det eg ikkje innsåg då. At eg ikkje var vaksen. At eg var fjortis. Eg på lik line med dei andre fjortisane. Og som fjortis vart det i grunnen ikkje stilt så mange krav til meg heller. Det var på eit vis greitt at eg var ein ufordrageleg skitunge. Eg var jo trass alt ein ufordrageleg skitunge av det meir uskuldige slaget. No, som tjuetreåring og ferdig utdanna, vert det derimot stilt visse krav til meg. Eg skal no gjere meg gjeldande i arbeidslivet på lik line med vaksne. Ordentlege vaksne altså. Ikkje slike som nett har fylt 18. Det er skummelt. Og det er kjekt. Alt på ein gong. Reinaste skrekkblanda fryden, rett og slett. Eg vonar det vert fint og frydefullt. Eg trur det vert bra.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar