søndag 1. januar 2012

I år 2011...

...var eg 23 år gamal det meste av året, og dette er jammen santen ein fin alder.
...vart eg ferdig utdanna sosionom.
...vart det stor sorg i landet.
...kom varmen og kjærleiken fram i Det norske folk.
...byrja eg i arbeid. Sånn på retteleg vis. Med jobbintervju og det heile. Gode kollegaer fekk eg òg.
...var eg på fleire gode konsertar.
...reiste eg og mi 26 år gamle syster på tur til Liseberg og Göteborg.
...var eg på elevtreff på Birkeland og møtte att gamle kjende.
...reiste eg på besøk til Trondheim, og nokre av dei som bur der.
...vart eg betre kjend med menneske som eg ikkje kjende så godt i år 2010.
...møtte eg nye flotte menneske, som eg vonar eg vert betre kjend med i år 2012.
...braut eg tradisjonane, og feira både jul og nyttår i Bergen. Det gjekk visst bra.
...har underteikna vore jamnt over godt nøgd med livet, og vonar ho vil halde fram med dette i det nye året.